Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen

Treff

1 treff


Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2020 . - Bok . - 293 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flflytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. I utvalet til klassikarserien har vi samla seks noveller, skrivne mellom 1892 og 1899 i tida etter Tsjekhovs lange reise gjennom det svære russiske riket og til fangeøya Sakhalin. Denne reisa danna eit tydeleg skilje mellom den tidlege og seine forfattarskapen hans, og det er her realismen verkeleg trer fram i Tsjekhovs tekstar. I nokre år budde han på garden Melikhovo i Lopasnja (i dag Tsjekhov), 80 km sør for Moskva. Der praktiserte han legeyrket i hovudsak på dugnad. Motiv frå denne tida finn vi til dømes att i ei av hans mest kjende noveller, 6.avdeling. Den svarte munken og Bønder vart også til på den tida. Eit tuberkulose-utbrot i 1897 tvang Tsjekhov til å flytte til varmare strøk, og han busette seg på Krim-halvøya. Rundt denne tida vart han kjent med skodespelaren Olga Knipper som han gifta seg med i 1901. Dette innebar også ei ny vending i forfattarskapen. I huset i Jalta skreiv han den kanskje mest kjende av sine noveller Dama med hunden. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte. Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar - ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
Hylleplass:
&
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
"Dama med hunden" er Anton Tsjekhovs mest kjente novelle: En mann og en kvinne møtes på Jalta. De er begge gift og opplever en kortvarig og intens romanse. Når de skilles tror de det er for alltid. Men livet vil det annerledes.Utgitt første gang på norsk i 1968.
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Dama med hunden : og andre fort
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning